Gå til innhold

#Tjødneskarknuden – 609moh

Her skal ha stått ein vete i mellomalderen. Her blei bygd ein landmålingsvarde rundt 1850. Nåverande firkanta landmålingsvarde blei bygd under 1. verdskrigen, datt seinare delvis ned, men blei bygd opp att 1999. Ved sida av landmålingsvarden blei det brent bål under tusenårsnatta 1999/2000. Utsyn til Hekkfjeddet i Eiken, Tindefjeddet i Åseral, Stakksteinsliknuten i Hægebostad, Sjåvassknuten i Åseral, Årdalsnapen i Bygland (vete), Blomliknuten i Hægebostad (vete?), Bertesnapen i Evje, Himmelsyna i Evje/Vegusdal, Ørteknappknuten i Bjelland (vete?), Visåsheia ved Ropstadknuten i Hægeland (vete), Skogeknuten i Laudal/Konsmo (vete?), Moseidvarden i Øvrebø (vete?), Slettehei i Vennesla/Tveit, Hesteheia i Greipstad (vete?), Skråstadveden i Oddernes (vete), Gråmannen i Kristiansand, Djupedalsheia i Holum, Drøpta i Sør-Audnedal, Ryvingen fyr i Halse, Lindesnes vindkraftverk i Spangereid, Skipmannsheia i Spangereid (vete), Kaldåsknipa i Lyngdal/Herad, Storfjell på Lista, Lista vindkraftverk på Lista, Langelandsfjellet på Hidra, Frøytlandsveden i Feda (vete), Voreknuden i Lund (vete), Haugeheia i Kvinesdal, Gråhei i Bakke sokn, Lakssvelafjellet i Bjerkreim, Skykulo i Helleland/Bjerkreim, Hovsknuden i Tonstad, Hilleknuden i Øvre Sirdal og Grunnevassknuden i Fjotland.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Nettsted-statistikk

  • 3 935 treff
%d bloggere liker dette: